- Ein kan kun tinge utstyr elektronisk gjennom utlånsportalen vår.
- Ein kan låne fleire produkt om gongen, men med ei maks grense på 5 om gongen.
- Under kvart produkt finn du ein kalendar der du lyt booke for ein aktuell periode (maks 7 dagar om gongen). Ein vil også kunne sjå om produktet er ledig for den aktuelle perioden.
- Personopplysningar og eigenerklæring skal fyllast ut før ein sender bestilliga.
- Hugs å lese gjennom våre utlånsbetingelsar.
- Når bestillinga er sendt vil du motta ein kvittering på mail. På denne mailen vil det også verte oppgitt ein adgangskode som du treng for å kome deg inn i ubemanna tider.
- Ved henting av varer er det vikteg at ein ikkje rotar til i hyllene kor ein har vore. Me er avhengig av å ha ein fast system på produkta slik at det er enkelt å finne fram for neste mann som kjem for å låne.
- Hugs å lukke døra når du reiser!
Retningslinjer for lån og henting av utstyr
For å låne utstyr i SystrondsBui er det vikteg at ein følg våre retningslinjer.